Gravide Hildegunn oppsøker mor si, Vibeke, for første gong på mange år. Slik blir vi kasta inn i forteljinga om Vibeke og oppveksten hennar i ei vestlandsbygd. Gradvis nærmar vi oss ei dramatisk hending som pregar dei begge. Alt det lyse og alt det mørke handlar om å forstå og leve med fortida — formidla i eit vakkert og sanseleg språk.
Alt det lyse og alt det mørke
Omtale
Forfatter(e)
Anmeldelser
«Brageprisvinnar Brynjulf Jung Tjønn (36) skriv engasjerande og drivande godt om omsorgssvikt i sin nye roman Alt det lyse og alt det mørke. [...] Romanen til Tjønn imponerer med det gjennomførte og solidariske barneperspektivet. [...] Mykje av kvaliteten i romanen ligg i det konkrete, enkle og reine språket som høver så godt til historia og situasjonane som ikkje er enkle å kommunisere. Iblant når underteikna kjenner at handlinga held på å bikke over i det tåredryppande, vert den melodramatiske tendensen motarbeidd av ein reinskoren forteljeteknikk som ikkje unødig penslar ut dei dramatiske høgdepunkta. Tjønn har komponert ei drivande og engasjerande historie.»
Sindre Ekrheim, VG, 21.04.2017«Innsiktsfullt, engasjert, medrivende og nyansert om omsorgssvikt og dens følger. [...] Det er en forbilledlig balanse i bruken av virkemidler, i vekslingen mellom kort formulerte observasjoner, sanseinntrykk og refleksjoner, og de lengre, fortellende passasjene. Språket er enkelt og rent med en stillfaren poetisk rytme og musikalitet, og enkelte innslag av drømmeaktige sekvenser. Blikkpunkt og sympati ligger konsekvent hos barnet, enten det er Vibeke eller Hildegunns briller vi ser verden med. Brynjulf Jung Tjønn har med 'Alt det lyse og alt det mørke' skrevet en sterk roman, som uten store fakter viser barnets sorg, redsel og sinne, de voksnes svik og hvordan fedrenes synder kan forplante seg ned gjennom generasjonene.»
Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad, 11.06.2017«Brynjulf Jung Tjønn har med denne boka skrive eit imponerande nært og kjenslevart portrett av eit menneske, [...] Brynjulf Jung Tjønn lukkast med dette store prosjektet ved å nytta dei små og seigliva orda i språket. Såleis får ein stundom ei kjensle av tidløyse når ein les, endå kvar einaste bolk er datert. [...] Det eksistensielle prosjektet har prioritet, og med dette grepet er forfattaren på lag med Jon Fosse, sjølv om han er annleis stilistisk. Boka er skriven i eit stort og stundom tyngande alvor, men der teksten er gripande, og det er han tidt, er han sjeldan sentimental, ikkje plagsamt mykje, i alle høve. Tjønn får til å skildra ekte kjensler som faktiske fenomen, utan å nytta svulstige frasar. Den lengten Vibeke kjenner, einsemda ho opplever og kjensla av å vera utilstrekkeleg, når lesaren direkte, hardt og medrivande. 'Alt det lyse og alt det mørke' er ein roman som fortener merksemd og slik vørdnad me elles berre møter det framande med.»
Odd W. Surén, Dag og tid, 23.06.2017«En sterk språkbeherskelse bærer denne historien [...] sterkest er den ulidelige smerten i Vibekes savn etter at faren forsvinner. Det er formidlet med en styrke som svir seg inn i setningene.»
Fredrik Wandrup, Dagbladet, 13.05.2017«Den vakre tittelen [...] holder det den lover – dette er en bok som sitter i. [...] Det er vond, men vakker lesing. Tjønn har skrevet en aldeles nydelig roman.»
Stine Okkelmo Thorp, KK«Tett og intenst om far og datter [...] Vibeke fremstår som en naiv jeg-forteller, som skildrer sin grenseløse kjærlighet til faren på troverdig vis. Men mellom linjene aner leseren en annen historie: den handler om omsorgssvikt, men også gjensidig avhengighet mellom far og datter.»
Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende