I Dommedøgn følgjer vi fleire av bebuarane i Berg, blant anna den profetiske og merkverdige tenåringen Linn, som er sikker på at noko ille kjem til å skje. Hennar einaste venn i verda er Fiver, ein kvit kanin med raude auge, som også er klarsynt. Eller? Inga, som er ordfører og desperat prøver å få nye bedrifter til bygda ved hjelp av statlege omstillingsmidler. Ragnhild, ein misantrop og nyleg arbeidsledig narkoman som prøver alt ho kan for å røske opp i stillstanden. Heimesjukepleiaren Cecilie, som får eit merkeleg vennskap med ein gammal pasient. Dei prøver alle å gje meining til ein eksistens som verkar å ha mista no, men frå fjellet, ute i fjorden, heng ein stein som stadig trugar med å falle i vatnet.
Dommedøgn
Du må være registrert som privatperson for å kjøpe nedlastbare lydbøker. Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter.
Andre formater
Omtale
Forfatter(e)
Anmeldelser
«Høg puls: Adrenalinet pumpar gjennom det postmoderne portrettet Kjersti Wøie Høland har skrive av ei bygd i krise (…) Kjersti Wøien Håland har ein eigen poetisk åre, og er utan tvil eit litterært talent i full utvikling.»
Merete Granlund, Dag og Tid