Lyden av noen som dør

Brynjulf Jung Tjønn, 2009, Heftet, Nynorsk
229,–
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager.

Omtale

"Frå fars hender flytter eg blikket til mi bandasjerte venstre hand. Eg tenker på mor som døde. Far står ved kjøkkenbordet, ser på meg, men seier framleis ingen ting. Det har gått omtrent to månader sidan eg øydela handa, rett etter mors død, rett før eg pakka sekken, slutta på skulen, begynte å arbeide fulltid på bensinstasjonen til Werner. Det har gått omtrent to månader, og når eg lukkar auga kan eg sjå for meg alle ansikta i klasserommet, lærerinna skreik, «Clemence!» skreik ho, mens eg hogg den spisse blyanten rett inn i handflata."

Ein dag skal Clemence og faren støvsuge huset, men kjem aldri heilt i gong. For noe har skjedd og sirener uler gjennom bygda. Før dette blir faren kutta i panna av ei flaggermusvinge, kloakken flyter i kjellaren og Clemence kjem nærare nabojenta Marie.

Lyden av noen som dør er ein intens, brutal og poetisk roman om noe som aldri bør skje, men som likevel kan skje over alt.