I årets diktsamling vidreførar Knut Ødegård det sterke engasjementet for dei mest sårbare og minst synlege blant oss. Med språkleg og poetisk kraft, visjonært og metafysisk, åpnar poeten porten til ei eigenarta verd. Ødegård er ikkje redd for verken gulrot eller pisk når han held dommedag over seg sjølv og verda.
Omtale
Forfatter(e)
Anmeldelser
Smertefullt poetisk skriftmål
«Les sakte!»
«Dette må være det beste av det beste i norsk poesi i dag.»
«Grenseløst og fabulerende fra en vågal forfatter i livets avgangshall.»
Kirsti Thorheim, Romsdals Budstikke, 23.09.2020Randsoner i sentrum av ein syngjande sentrallyrikk
«Enkeltdikta i samlinga veks i tyding, ganske enkelt fordi dei inngår i ein større lyrisk samanheng som denne boka så suverent etablerer.»
Sindre Ekrheim, Dag og tid, 04.12.2020Hjarterått, hjartegodt
«Stramt komponert, med alvorlege dikt om bitre lagnadar, såre og saknadsfulle tilbakeblikk, men likevel – så vilter, vital og variert ho faldar seg ut,denne nye rikhaldige diktsamlinga til Knut Ødegård! Han har funne ein stil som grip lesaren og held merksemda slik at ein kjenner det som om diktet skjer rett framfor ein.»
«Knut Ødegård har funne fram til ein skrivemåte som skapar ein stor fridom, det finst nokre gjentekne talemålsinnslag som skapar ein eigen uhøgtideleg rytme og nærleik, og innanfor denne forma kan mange slags innfall følgjast og tankesprang takast, utan at det bryt eller skurrar.»
Helge Torvund, Klassekampen, 10.10.2020Go-to-gate og siste reis
«Årets diktsamling fra syttifemårsjubilanten Knut Ødegårds hånd - Sirkusdirektøren og andre dikt - følger opp den Brageprisnominerte samlingen Tida er inne fra 2017 og ikke minst hans romandebut fra i fjor, Fuglespråk. Poeten, Edda-oversetteren og Vårt Land anmelderen hviler altså ikke, og det later til å være gode grunner til det: Ødegård skriver fine alderdomsdikt og han provoseres og engasjeres fortsatt over en mengde saker - fra de små, nære ting til de lengre linjene i våre liv og klodens framtid.»
«Sirkusdirektøren er en generøs diktsamling med mange gode enkeltdikt som er vevd inn i hverandre med lignende motiver på en slik måte at de snakker til hverandre.»
Morten Langeland, Vårt Land