Strengaren av Gudmund Skjeldal (Innbundet)

Strengaren

Gudmund Skjeldal, 2025, Innbundet, Nynorsk
429,–
Forventes i salg 08.05.2025

Omtale

Strengaren spinn handlinga omkring eit mogleg mordforsøk.

Underlaget er oransjeraud grus, og bakom hovudpersonen Paul Dalby syng kometkarrieren til Casper Ruud. Protagonisten, eller antihelten, i denne romanen, har den same innstillinga som Snarøya-spelaren om at ærleg og tolmodig treningsarbeid løner seg i lengda, sjølv i ein rikmannssport som tennis.

Samstundes manglar Paul noko viktig – impulsen til å seia nei. Eller trongen til å seia ifrå. Han er ambisiøs nok, samstundes er han ung og uerfaren, og svak for freistingar.

Me følgjer Paul og trenaren hans, Edgar, gjennom både nedturar og oppturar i det profesjonelle tennissirkuset; til eit heftig og uventa klimaks i Marbella. Heile tida blir dei to forfølgde av ulike slag strengarar - som vil fanga tennistalent inn i sine edderkoppnett.

På eitt plan er Strengaren ein medrivande roman om ein toppidrettsutøvars vekst og vonde fall. Under dette er det ei historie om ein venskap mellom to generasjonar nordmenn. Djupast er det ein tankevekkande roman om alle dei vanskelege spela som livet byd på, men også om dei vakre spela som det er verdt å kjempa for.