Wimbledon

Der graset er grønast

Gudmund Skjeldal, 2018, Nedlastbar lydbok, Nynorsk, MP3
349,–
Du må være registrert som privatperson for å kjøpe nedlastbare lydbøker. Ingen angrerett. Kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter.

Omtale

Ingen stad er graset så velstelt som i Wimbledon. Inga turnering er det tennisstjernene ønskjer å vinna meir enn den. Få finalar er like dyre som dei på Centre Court. Men også i Wimbledon finst det parkar der kan ein leggja seg i kø, og vona på ein billegare billett. Dei intense duellane mellom John McEnroe og Björn Borg, mellom Williamssøstrene, og endeleg Roger Federer i møte med Rafael Nadal, har fengsla folk over heile verda. Ein gong spelte ei norsk kvinne i finalen på Centre Court. Kan henda kan ein nordmann gjera det skarpt igjen. Med sats i ein svært berømt kamp skriv Gudmund Skjeldal om den kontrastrike og tradisjonsbestemte sporten tennis. Han fortel med amatørens lidenskap for racketkunstnaren Federer, og med idéhistorikarens syn for tradisjonen fair play. I Wimbledon blir spelarane minna om å tapa og vinna med stil. Tennis er ein mental idrett meir enn dei fleste. Dette er reisa til spelets kjerne.