Kjetil Børhaug
Kjetil Børhaug er professor ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Universitetet i Bergen. Han er statsvitar med hovudfag i administrasjon og organisasjonsvitskap og disputerte ved UiB på ei avhandling om utdanning og politisk sosialisering i 2007. Forskingsfelta til Børhaug er for det fyrste knytt til fagdidaktikk, med særleg vekt på samfunnsfaget som politisk sosialisering, og for det andre, styring, organisering og leiing i barnehagesektoren. Han har vore med på fleire NFR-prosjekt på dette feltet, og han leier ekspertgruppa som utgreier barnehagelærarane som profesjon. Frå 2018 er Børhaug med i evalueringa av implementeringa av rammeplanen for barnehagen. Han er bidragsytar i Fagdidaktikk for SRLE. Barnehagens fagområder, kunnskapsgrunnlag og arbeidsmåter (2021), Norway. Society and Culture (2021), Lærer i skolen 1-7 (2019) og Lærer i skolen 5-10 (2019). Les meir om forfatteren på Universitetet i Bergen (UiB).