
Maria Tryti Vennerød
Maria Tryti Vennerød (1978) debuterte med stykket Meir i 2002 og har sidan vunne ein norsk-svensk dramatikarkonkurranse i 2003 (Frank), Ibsenprisen i 2005 (Dama i Luka), to prisar i konkurransen Hundre og Nå i 2006 (Neverland og Testen) og blitt nominert til Heddaprisen i 2012 (Ikkje direkte råka). Stykka hennar har blitt framførte m.a. på Det Norske Teatret i Oslo, på Schaubühne i Berlin, På Theatre for the New City i New York, på Nationaltheatret i Budapest og hausten 2014 blir stykket Nasjonal Prøve lese på La Colinne i Paris. I 2016 er ho bidragsytar til Det Norske Teatret sin storproduksjon om andre verdskrigen, saman med verdskjende dramatikarar som David Greig og Lukas Bärfuss.
Les bloggpostane og sjå filmklipp frå framføringane av Ikkje direkte råka her.