Brynjulf Jung Tjønn er tildelt Samlagsprisen 2023

Forfatter Brynjulf Jung Tjønn
Brynjulf Jung Tjønn er tildelt Samlagsprisen 2023, en pris som blir tildelt en forfatter som skriver på nynorsk.

«Tjønn gir lesaren innsikt i korleis stemningar og hendingar som eit menneske har tidleg i livet, set sterke spor og er styrande for livet som vaksen.», sier juryen.

Samlagsprisener en litterær pris som utdeles årlig av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget til en forfatter som skriver på nynorsk, uavhengig av forlag.

Kritikerrost forfatter

Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) er en kritikerrost og allsidig forfatter, som skriver for både barn, ungdom og voksne. I 2002 debuterte han med romanen Eg kom for å elske. I 2023 kom diktsamlingen Kvit, norsk mannsom traff både kritikerne og et bredt publikum, diktsamlingen vant Kritikerprisen for beste voksenbok, Ungdommens kritikerpris og Nynorsk litteraturpris. VGs begeistrede anmelder, Trine Saugstad Hatlen, beskrev blant annet Kvit, norsk mann slik «... en knyttneve av en bok (...) noe av det sterkeste jeg har lest» - og ga den terningkast 6! 

Grunngiving for Samlagsprisen

I grunngivinga vår har vi lagt særleg vekt på dei fire siste utgivingane, Alt det lyse og alt det mørke, Smadra, Kvar dag skal vi vere så modige og Kvit, norsk mann.

Tjønn gir lesaren innsikt i korleis stemningar og hendingar som eit menneske har tidleg i livet, set sterke spor og er styrande for livet som vaksen. Bøkene skildrar korleis vonde hendingar i barndomen kan føre til at omsorg i neste ledd blir uendeleg vanskeleg. Han viser kompleksiten i eit menneskesinn og i dei medmenneskelege relasjonane. Tjønn fortel med varme og nyanse om menneskelege tilhøve og livet. Den audmjuke forteljeforma gjer at lesaren sjølv må gjera opp si eiga meining. Den gjer at lesaren kan få djupare innsikt i hendingar som har sett spor i eige liv og kva som skal til for å leve vidare med fortida. Bøkene skaper såleis på ein sjeldan måte dialog med lesaren om spørsmål det svært ofte er vanskeleg å snakke om.

Når verda blir filtrert gjennom barnet som opplever ei mor som er avvisande, eller ei mor som trekkjer seg heilt tilbake, er blikket sårt, lengtande og blottstillande. Tjønn er modig i val av tema. Han torer å gå inn i det vonde og ubehagelege, til dømes om mødrer som misser evna til omsorg. I tillegg klarer Tjønn å halde igjen og halde tilbake. Vi anar eit bakteppe, men forfattaren avslører ikkje kva som har utløyst den situasjonen som hovudpersonane står i. Slik skaper Tjønn både intensitet og nerve i forteljingane sine.

Den flotte opninga i Alt det lyse og alt det mørke viser korleis nærleik og handverk er bundne saman i handa som stryk over treverk og stryk over kinn. Samstundes får ho fram redsla for å bli åleine. Forteljinga tek oss bakover i fortida ved hjelp av mange små innsyn, der til dømes kiminga frå kyrkjeklokkene uttrykkjer ei nær mytisk forbanning mellom slektsledda. Kvar dag skal vi vere så modige skaper eit ubehag heilt frå starten, som held fram i den konstante avvisinga som hovudpersonen Isak opplever. Omsorga kjem frå naboane i staden for frå mora, og ein gryande seksualitet blir kombinert med ønske om nærleik. Men sjølv eit observerande og klokt barn som Isak, som forstår at han både må verne mora og klare seg sjølv, forstår ikkje alle implikasjonar og samanhengar. Barneperspektivet er overtydande og sterkt. Også i ungdomslitteraturen held Tjønn tilbake. I Smadra er det ein truverdig nerve, replikkdriven med intensitet. Mora ber på eit ukontrollert sinne og slit psykisk, hovudpersonen Oda dekkjer over at mora slår. Tjønn viser oss samansette personar som står der i all si hjelpeløyse, men som prøver å gjera så godt dei kan.

Samtidig ligg det i alle dei tre ovanemnde forteljingane lengt og håp om endring, og heilt sentralt er venskap. Trøysta kan liggje i eit blikk utanfrå, i venskapen med andre som òg er merkte av livet. Både Milad i Smadra og Yardan i Kvar dag skal vi vere som modige er medmenneske som stiller opp når dei næraste sviktar.

Bøkene til Tjønn er forteljekunst om andre, men òg om eigne røynsler. Kvit, norsk mann skildrar adoptivrøynsla og kvardagsrasismen i ei velformulert og tettpakka poetisk form. I opplevingar som odelsgut med høysnue utdjupar Tjønn tematikkar i boka Kinamann med ei sterk, lyrisk stemme. Kvardagshendingar viser at stereotypiar finst over alt, og det handlar om å leva med eigne minne og minna om andre. Dei tre namna Arve Beheim Karlsen, Benjamin Hermansen og Johanne Ihle-Hansen blir skrivne fram «på det lyse papiret». Alvoret er der gjennom heile samlinga.

Tjønn held seg til ein formfull og tradisjonell nynorsk stil. På den eine sida fører han tradisjonen frå nynorskens meistrar som Tarjei Vesaas vidare. Av til kan ein gløyma seg heilt bort av å verta ført inn i ei formfull nynorskspråkleg verd. Tankane går då til Vesaas sine hovudverk som Det store spelet og Fuglane. På den andre sida uttrykkjer det nynorske språket hans, medvite eller umedvite, påverknad frå språket til Jon Fosse. Kanskje er det rettast å seia at Tjønn er språkleg påverka av begge desse nynorske stiltradisjonane, som han foreinar i sitt eige språk. Eit særtrekk er Tjønn sine mange stutte og knappe formuleringar, og dessutan hans glimrande sideordnande setningar. At han ofte er tilbakehalden med å tydleggjera drivkrefter og motiv i den forteljande, episke, prosaen sin, smeltar godt saman med og utfyller den knappe og korthogne språklege stilen.

Kvit, norsk mann

Brynjulf Jung Tjønn

Kvit, norsk mann er ei samling vonde og kloke – men tidvis også morosame – dikt om norsk oppvekst og norsk rasisme.


Korleis er det for eit adoptivbarn å kome til Norge som ei reserveløysing, eit gjenbruksbarn som blir odelsgut? Det hadde vore enklare om han var kvit, norsk mann. Då ville ikkje born ropt ching-chong-kinamann etter han. Eller folk lurt på kor han eigentleg kjem frå.


Kvit, norsk mann byggjar på forfattaren sine eigne erfaringar, men rettar seg til eit heilt land av lesande og nysgjerrige menneske. Tekstane trekkjer også forbindelsar til andre, liknande forteljingar – og set vår samtid og kultur under lupen.


Gjennom livet har forfattaren blitt minna på at han ikkje er norsk nok. Er han det no? Når blir han det? Og korleis ser framtida ut for hans eigne barn? Kven blir forfattaren og barna hans når den norske garden dei har arva må seljast?


Kvit, norsk mann er ei bok som bør lesast og brukast av alle.

Les mer

Kvar dag skal vi vere så modige

Brynjulf Jung Tjønn

Heime gjer Isak alt for at mora skal halde ut. For mora treng kvile. Ho er avhengig av han, og tvingar han til å skulke skulen.


På andre sida av skogen ligg nabogarden, og ein framand mann har flytta inn. Gradvis utviklar mannen og guten eit slags taust vennskap. Mannen gir guten tyggis eller kjeks.


Naboen har også ein kjærast med langt, lyst hår. Og dei inviterer Isak med på grilling og bading. Kan dei bli ein ny familie for Isak? Vil dei det?


Kvar dag skal vi vere så modige handlar om dei som har det vanskeleg, om dei vi overser. Men også om dei som plutseleg bryr seg.


VINNAR AV P2-LYTTARANES ROMANPRIS!

Les mer

Samlagsprisen

Samlagsprisen ein årleg pris som Litteraturselskapet delar ut til ein forfattar som skriv på nynorsk, uavhengig av forlag og utan krav til å ha gitt ut ny litteratur dei siste åra. Prisen vil annakvart år veksla mellom å gå til ein hovudsakleg faglitterær og skjønnlitterær forfattarskap. Samlagsprisen er forlagsuavhengig, alle forlag kan sende inn nynorske bøker til vurdering.

Prisen er for tida på kr 50 000. Midlane er henta frå Samlagsfondet.