- ÅHH, kor blir det av ho, då? pip Discodansemusa irritert. Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip sit på kafeen og ventar på Polkagrisen. Dei skal planlegga ein ny konsert. Discodansemusa er sur og sjalu på Polkagrisen som er så søt, og som dei to andre likar så veldig godt, særleg Phillip. Ho angrar nesten på at ho drog heim frå den store byen og ho har mest lyst til å slutta i bandet. Men så vert Kaféeigaren borte og dei får trugande brev med krav om løysepengar ...
Dette er den tredje boka om dei tre tidlegare uvenene Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip.