«Tone Myklebusts herlege skråblikk skaper tekster med godt driv. (...) Samlinga består av elleve ganske korte noveller. Felles for dei er det litt skeive blikket på aparte personar som i for stor grad lever i si eiga boble. Det er både skarpt og underhaldande, og dei beste tekstane er verkeleg gode.
Felles for menneska i Myklebusts tekster er at dei lever litt på sida av samfunnet eller litt på sida av seg sjølv – eller båe delar. Mange av novellene er fortalde i eg-form, noko som avslører diskrepansen mellom den indre røynda og den ytre. Her er mykje einsemd, sterkt skildra i «Det blir nok torever», om førtitoåringen som ikkje tar sjansen på kontakt eller selskap, og meir humoristisk i nettdatingfarsen «Neste fredag». Språket er stramt og skore inn til beinet, med mange gode og presise ordbilete. (...) I soga om hundemannen tar Myklebust det bisarre og skeive heilt ut i ei stilsikker novelle som eg las med skrekkblanda fryd. (...) Det er både attkjenneleg og herleg absurd. Novella «Det stoppar ikkje her» handlar vel i botn og grunn om å kjenne seg tvinga til å vere hyggeleg når ein for lengst har fått nok og inst inne vil slå. Hovudpersonen er frå før pressa opp i eit hjørne, og når ho møter ei ho slett ikkje vil snakke med på kafé, endar ho med å ta ut den indre frustrasjonen på eit uskul-dig menneske, i ei tekst som både overraskar og er herleg rå. (...) Myklebust har heilt klårt eit talent for det absurde som ho burde utnytte endå meir i seinare utgivingar.»
Hilde Vesaas, Dag og Tid, 24.12.2020