Norsk kjærleik
Av Brynjulf Jung Tjønn, 2024, Ebok
Umiddelbar tilgang etter kjøp
Ved kjøp av digitale produkter gjelder ikke angrerett.Lydbøkene og e-bøkene lagres på Min side under Digitale produkter, hvor man enkelt kan laste dem ned.
Ein sterk og gripande oppfølgjar til kritikarroste 'Kvit, norsk mann'
Var Brynjulf eit barn som blei selt på tvers av landegrenser? Kan han likevel vere glad for at han blei kjøpt til Norge? For alt han vil er å vere ein del av landet han har vakse opp i, erkjenne det vonde, men også sjå det vakre.
Samstundes med at Kvit, norsk mann kom ut, dukka det opp avsløringar om problematiske sider ved adopsjonsindustrien. Desse avsløringane rokkar ved sjølvbildet og identiteten for mange adopterte, også for Brynjulf Jung Tjønn.
Sjølv om ein er fødd i eit anna land og med mørk hudfarge, så vil ein likevel berre høyre til. Å vere ein del av det norske. Men kven har Brynjulf vore? Kven skal han vere eller bli? Kva vil det seie å vere norsk?
Kvit, norsk mann har kome i seks opplag. Boka er tildelt Kritikerprisen, Ungdommens kritikerpris og Nynorsk litteraturpris. I Norsk kjærleik fortset utforskinga av liknande emna. Men forfattaren finn også nye retningar – i tankane om Noreg og det norske.
«(...) dikt som dirrer av stillfaren nerve.»
«Tjønns stil – stoisk, korthugd og nøktern, på beste vestlandsvis – er intakt og umiskjennelig.»
«At Tjønn makter å gi dette høyst personlige stoffet en såpass tilgjengelig form – uten å henfalle til hverken forenklinger, sentimentalitet eller andre billige løsninger – er intet mindre enn en bragd.»
– Marius Asp, VG
